Kompetanseutvikling

NyKunnskap tilbyr kompetansekartlegging for det offentlege og private næringslivet.

For det offentlege næringslivet:

Vi tilbyr ei kartlegging over kva kompetanse som er tilgjengeleg i dei områda kunden er interessert i. Dette er avgjerande og eit viktig grunnlag for næringsutvikling og ei offentlig målsetting om å bygge næringsklynger, eller dersom ein skal satse på spesielle næringar.

For det private næringslivet:

Vi tilbyr kompetansekartlegging tilpassa verksemda sine framtidsplanar og satsingsområde.

Er nødvendig kompetanse tilgjengeleg?

Vi tilbyr også rekruttering av kompetanse både på plan- og operativt nivå:

Kan kompetansen skaffast? Korleis?

Kompetanseutvikling

Målet med kompetanseutvikling er å skape betre resultat, og sjølv om det strategiske målet er å utvikle heile verksemda, så er det likevel kvart individ si utvikling som er avgjerende. Kvart kompetansetiltak må sjåast i samanheng med strategi og langsiktige mål.

Strategisk rådgjeving

NyKunnskap tilbyr strategisk rådgjeving innan kompetanse og kompetanseutvikling til både verksemder og organisasjonar.

Kva er strategisk rådgjeving?

  • Analyse av kompetansesitasjonen i verksemda/organisasjonen per i dag og korleis denne vil utvikle seg. Dette blir holdt opp mot dei reelle behova og korleis desse vil bli.
  • Målsett plan for satsinga på kompetansebygging- og utvikling som du treng for å kunne oppfylle verksemda/organisasjonen sine mål og strategiar.

Tiltaksplan som konkretiserer kva tiltak som må setjast i gang på kort- og lang sikt. Målet er å få tak i den nødvendige kompetansen.

Evaluering av effekt og tiltak, og eventuelt forslag til kompenserande tiltak.

Kompetansemekling

Vil du heve kompetansen innad i di bedrift?

NyKunnskap tek på seg oppdrag for å skaffe den beste ressursen til lågast mulig pris!

Vi tek oss av alt som må gjerast, og jobbar ut i frå ein kravspesifikasjon levert av bedrifta.

Vi forhandlar deretter pris, vilkår og gjennomføring med potensielle kandidatar.

Evaluering av allereie gjennomførte opplegg er også mellom våre spesialfelt, og bistår deg sjølvsagt i utforminga av nye opplegg.

Vi kan skreddarsy opplæringa, og bedrifta di får støtta sine reelle kompetansebehov.

Leig inn HR-sjef

Har du behov for HR-bistand men ikkje nødvendigvis i full stilling?

Er det vanskeleg å rekruttere kompetente folk?

Ved å engasjere NyKunnskap kan ein få HR-sjef på prosentstilling: 20% – 50%, eventuelt eit visst tal med timar i månaden.

Med ein slik HR-sjefavtale slepp bedrifta di alt ansvar knytt til tilsetting, og blir i staden fakturert etter avtale frå NyKunnskap.

Styrearbeid

NyKunnskap har høg kompetanse innan styrearbeid og tilbyr:

  • Opplæringstilbod.
  • Bistand som ekstern styreleiar eller styremedlem.

Aksjelova set strenge krav til styrearbeid, og det er eit personleg ansvar knytt til alle som er tilsette i styrearbeid. Mange er ikkje klare over kva dette ansvaret går ut på – spesielt gjeld dette styrer i familieeigde, små- og mellomstore bedrifter og organisasjonar.

Mange styrer arbeider dessutan feil i høve til kva som skal stå på dagsorden, og i høve til ansvarsfordelinga mellom styre og dagleg leiar.

Vi kan også gå inn som eksternt styremedlem og/eller styreleiar. Dette garanterer kompetanse innad i styret, og ofte er det ein fordel nettopp med ein ekstern og profesjonell styreleiar.

Styrekompetansen til NyKunnskap er formalisert, og vi har brei erfaring i styrearbeid

Prosjektkompetanse

I små og store prosjekt kan vi bistå deg med:

  • Prosjektetablering
  • Prosjektstyring
  • Prosjektgjennomføring

Prosjektkompetanse er ofte mangelvare i små og mellomstore verksemder og organisasjonar. Dette fører diverre til at prosjekta ikkje:

  • har god nok framdrift
  • er kostnadseffektive
  • er målretta nok

Med ekstern bistand frå NyKunnskap unngår du desse fallgruvene, og får ein mykje høgare kompetanse og erfaring med gjennomføring av prosjekt.

Mentor / Coach

Er du leiar, tilsett eller gründer? Vi tilbyr mentor/coach-løysingar.

Mange leiarar opplever at dei ikkje har personar i eiga bedrift som dei kan bruke til strategisk eller personleg sparring.

Også gründerar som treng hjelp til å utvikle og realisere forretningsidear og konsept vil ha stor nytte av mentor/coach-ordninga.

NyKunnskap har formalisert mentor/coach-kompetanse.

© Kopirett - NyKunnskap - 456 00 526 - arild.hjelmeland@nykunnskap.no - Øyane 11, 6770 Nordfjordeid - Made by VidSyn Media